App-tips veke 38 | Nynorsk spesial

Denne veka er ei spesialutgåve med nynorske app-tips!

Tema:

Norsk: Lag ord av stavingar
Norsk: Øv på å lese og forstå ord
Matematikk: Bli kjend med tala

 

Ein liten snik-kik på tre av våre nynorske appar.


Norsk (Lag ord av stavingar):

Pusle småord

I Pusle småord skal ein setje stavingar saman til ord. Når ordet er korrekt, vert lyden spelt av. Det er òg fleire nyttige innstillingar i appen:

  • Vel om det skal spelast av lyd når ein trykkjer på biletet

  • Slå på raude og blå bokstavar for høvesvis vokalar og konsonantar

  • Biletet kan skjulast, slik at det vert ei lytteoppgåve


Norsk (Øv på å lese og forstå ord):

Rom og omgrep

I Rom og omgrep skal ein lese ordet og deretter trykkje på rett gjenstand i biletet. Lyden vert spelt av når ein trykkjer på rett stad. Ein kan òg setje lyd på ordet, slik at ein kan høyre ordet når ein trykkjer på det.


Matematikk (Bli kjend med tala):

Finn talet i biletet

Finn talet i biletet er ein enkel app for å bli kjend med tala. Les talet i botnen og trykk på det same talet i biletet. Lyden av talet vert spelt av når ein trykkjer på det i biletet.


webapps.gif

Visste du at…

…Leap Learning har Noregs (om ikkje verdas) største app-utval for lese og skrive-opplæring?